onsdag 28. september 2011

Det både regnar og bles ute, men det kjem ein vår! Her er eit bilde av Hjertøygeita slik ho såg ut nysmurt og fin før sommaren. Dei to  halsane lagar eit fint innløp som svelg godt unna.

mandag 19. april 2010

Oppsumering av kurset før siste samling

Då nærmar vi oss kursslutt og siste samling er i Ålesund .
Eg hadde store forventningar til kva dette web 2.0 var for noko då eg bestemte meg for å delta i kurset. Skjønte tidleg at bruk av sosiale medier er noko som er "riktig" for tida. Spesiellt godt liker eg Facebook og har via den fått kontakt med museumskolegaer over heile landet, samt museum som som nytttar det aktivt med å dele fagstoff og nyheter. Twitter har eg tatt ibruk, der er ikkje det museumsfaglege så fram i dagen, men meir samfunnskommentarer som dominerer.  Svært nyttig var det å bli betre kjent med Google og det hav av tilbud som ligg på Googlekontoen, då særleg skriveprogrammet og lagring av dokument som er tilgjengeleg overalt berre ein har tilgang på nett. Supert! Å lagre og dele  bilder på Picasa har den samme nytta som google docs. Generellt info om Wiki og Youtube var og greit sjølv om det var kanskje det eg var mest kjent med frå før av. Å lære seg å snekre ihop ein blogg var moro, sjølv om eg ser at eg ikkje blir nokon aktiv bloggar. Reint museumsfagleg trur eg at ein liten blogg fort forsvinn i mengda, og at den er vanskeleg å finne for folk som er på nettjakt. Vanskeleg å få treff når ein bruker søkemotorane.
 Å samle seg på kurs i Web 2.0 er nyttig for å få fokus på emnet og kva muligheter som ligg der på veven, samt treffe andre og få erfaringsutveksling.

  Har lært ein masse digitalt handverk i løpet av denne webvinteren.

fredag 19. februar 2010

Trerøing frå Fanghol

Trerøingen frå Fanghol er av snebotningstypen

Mast til Hjertøygeita

Furua til masteemne blei fellt på Hjertøya og låg ein vinter til tørk før ho blei høvla ferdig på Romsdalsmuseets verksted.